Personlig utviklingskurs med Kognitiv Metode i Førde

Registrations are closed

Du er nå påmeldt kurset! Tips og del gjerne arrangementet med andre du tenker dette kan være nyttig for. Ved avmelding seinare enn 14 dagar før arrangementet belastast 50 % av kursavgifta. Ved avmelding seinare enn 7 dagar før arrangementet belastast full kursavgift. Vi tek atterhald om at det kan komme endringar i programmet som skuldast forhold utanfor vår kontroll. For kunder med avtale med Stamina vil dette komme som tilleggsfaktura og ikke abbonement med mindre annet avtales spesielt for dette kurset.

Personlig utviklingskurs med Kognitiv Metode i Førde

By Stamina Sogn og Fjordane

Date and time

Thursday, October 6, 2016 · 6 - 8pm CEST

Location

Stamina Helse, Førde

Hafstadvegen 36 6814 førde Norway

Description

Personleg utvikling - med kurs i kognitiv metode

Stamina Sogn og Fjordane held introduksjonskurs i kognitiv metode over 3 kveldar.

Mange menneske slit med kjenslemessige problem i ulike roller i kvardagen. Arbeidslivet er prega av rask endringstakt og høge effektivitetskrav. Dette kan skape konflikt og gje seg utslag i stress, uro, misnøye, utilstrekkelighetskjensle o.s.v. Kognitiv metode kan redusere den mentale påvirkningen i ulike krevende situasjoner. I kognitiv tilnærming får ein metodar for å forenkle problemstillingar og effektive mestringsmodellar.

Kognitiv metode er tilrådd og anerkjend som ei effektiv behandlingsmetode ved lidingar som angst, depresjon, stress og utmatting, og er eit godt verktøy dersom du opplever at du ikkje heilt rekk over alt, eller om du t.d. kjenner på ein indre uro og/eller nedstemtheit som gjer at du kvir deg for å gå på jobb eller på skule.

På kurset arbeider vi med korleis du gjennom å lære enkle hjelpemiddel vert i stand til å nytte deg av kognitiv metode. Det vil også være mogelegheit for individuell oppfølging i etterkant.

KURSHALDAR HENRIK HØBERG er spesialist i allmennmedisin og har lang erfaring med kognitiv terapi både som allmennlege, lege i rehabiliteringsinstitusjon og bedriftslege. På kurset vil ein bruke personlege døme i plenum alt etter kva den enkelte ynskjer å bidra med, men vi kjem ikkje til å bruke personlege sjukdomshistoriar eller sjukdomsopplevingar i plenum.

Opplegg

3 kurskveldar + lett heimearbeid (PC og internett nødvendig)

Kursdatoar

Torsdag 6/10, 27/10 og 3/11 kl 18-20.

Pris

Kr. 2990,- om arbeidsgjevar har kundeforhold hjå Stamina. For andre: Kr 3.490,-

Organized by

Stamina Helse Førde                                

Stamina er en offentlig godkjent og landsdekkende bedriftshelsetjeneste med god dekning i Sogn og Fjordane. Vi vektlegger bedriftshelse med langsiktige relasjoner mot våre kunder, høy kompetanse og faglig bredde. Vi leverer innenfor Livsstil, Arbeidsmiljø, Systematisk HMS-arbeid og forebygging av sykefravær.

Sales Ended