Trivsel og mistrivsel på arbeidsplassen - Arbeidsmiljølova som rettesnor med Ståle Einarsen
Free
Trivsel og mistrivsel på arbeidsplassen - Arbeidsmiljølova som rettesnor med Ståle Einarsen

Trivsel og mistrivsel på arbeidsplassen - Arbeidsmiljølova som rettesnor me...

Event Information

Share this event

Date and Time

Location

Location

Stamina Helse, Hafstadvegen 36

36 Hafstadvegen

6800 Førde

Norway

View Map

Friends Who Are Going
Event description

Description

TRIVSEL OG MISTRIVSEL PÅ ARBEIDSPLASSEN: Arbeidsmiljølova som rettesnor

Trivsel og mistrivsel i jobben er viktig både for den enkelte og for arbeidsgjevar. På ein god arbeidsplass rår trivsel, men ein handterar også situasjonar med mistrivsel, konfliktar, stress og frustrasjon på gode måtar. I dette kurset ser vi på kva for arbeidsmetodar og prinsipp som arbeidsmiljølova legg opp til når det gjeld å utvikle eit godt arbeidsmiljø, men ikke minst korleis ein som tilsett og som leiar skal handtere vanskelege arbeidsmiljøsaker. Lær om; spillereglane i arbeidsmiljølova, ulike metodar og verktøy for å arbeide med trivsel og mistrivsel, kva som er arbeidsgjevars ansvar når tilsette mistrivst på jobben og når konfliktar eller påstander om mobbing oppstår, kva for krav som ein kan stilla til tilsette si medvirkning, krav til arbeidsgjevars saksbehandling og arbeidsmetodar, samt kva ein må tåle og ikkje tåle i ein jobbsituasjon. Den norske arbeidsmiljølova er ei fantastisk lov når det gjeld praktisk arbeid med det psykososiale arbeidsmiljøet, men få kjenner eigentleg til kva som faktisk står i den, noko som er viktig for både leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette. Kurset har en praktisk tilnærming og rettar seg mot problem og utfordringar dei fleste møter i eit langt yrkesliv. Kurset vert halden av professor Ståle Einarsen; ein leiande norsk psykolog og forskar innan arbeidsmiljøfeltet og ein morosam og underhaldande føredragshaldar. Til dagleg er han professor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen. Einarsen gir i 2016 ut tre bøker om arbeidsmiljø; "Den dyktige medarbeider", "Håndtering av konflikter og trakassering i arbeidslivet: Juss og psykologi", samt "Faktaundersøkelse : Arbeidsmetodikk i vanskelige arbeidsmiljøsaker".

STAD: Stamina Helse, Hafstadvegen 36, Førde

TID: Fredag 10.02.2017 Kl 0830 -1200

PRIS: Kundar: 3490,- Andre: 3990,-

KURSHALDAR: Ståle Einarsen


Share with friends

Date and Time

Location

Stamina Helse, Hafstadvegen 36

36 Hafstadvegen

6800 Førde

Norway

View Map

Save This Event

Event Saved